Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

Bømlo kommune er organisert i ein to-nivås modell med rådmann, organisasjonssjef, to kommunalsjefar, samt verksemdsleiarar med resultat-, budsjett- og personalansvar. Rådmannen er kommunen sin øvste administrative leiar. Kommunalsjefane har rådmannen sin mynde og organisasjonssjefen er assisterande rådmann.

Organisasjonskart - sjå link til kommunen si heimeside.

Kommunale AS
Bømlo kommune har eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegg i kommunen - Bømlo vatn- og avløpsselskap as. Sidan juni 2008 har kommunen også eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av kommunen sine utleigebustader - Bømlo kommunale eigedomsselskap as. I tillegg er Bømlo kulturhus eit kommunalt foretak oppretta i 2005. 

 

Laster...