Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplanen

Vedlikehald av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Bømlo kommune. Målet er at alle her skal kunna finna informasjon om kva retningsliner som skal fylgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen skal oppdaterast jamnleg. Det vert sendt ut melding til brukarane når ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller administrative endringar vert gjort, skal arkivleiar kontaktas. Kontakt arkivleiar Jenny Aanderaa på telefon 53423023 eller e-post jenny.aanderaa@bomlo.kommune.no;

Kommunen sin arkivleiar vil ha det daglege ansvaret med å fylgja opp arkivplanen i høve til lover og regelverk og i høve til alle verksemder i kommunen.

Laster...