Bømlo kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin.
Bømlo kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 1997 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 394 hyllemeter. I tillegg er det deponert 126 hyllemeter personregistermateriale. Arkiva 1837-1987 er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta. Arkiva 1987-1997 er under ordning hjå IKA Hordaland.
IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv.
Av det deponerte materiale inngår også arkiva etter dei historiske kommunane Finnås, Moster og Bremnes kommunar.
Katalogane er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:
Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg.
Materialet er publisert til digitalarkivet.no:
Laster...