Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Rutiner ved handtering av krav om innsyn

Krav om innsyn i dokument tinging via kommunen si offentlege postliste på nett, direkte til den einskilde verksemd eller som eigen post til kommunen sitt postmottak.

Fellessekretariatet fører innsynskravet på den saksbehandlaren som er ansvarleg for saka/journalen i fellessak for krav om innsyn. Dersom det er krav om innsyn i fleire saker/journalar med ulik sakshandsamar må kravet sendast til alle. 

Dei må sjølv ta stilling til innsynskravet i eigne saker/journalar/dokument og svara dette ut.

Når ein har fordelt frå postmottak kan bestillar få ei tilbakemelding på at bestillinga er motteken og at den er fordelt på ei rekke ulike sakshandsamarar som vil svara ut dei enkelte bestillingane så snart som råd, men at det grunna bestillingas størrelse kan ta noko lengre tid enn normert.

 

Dei har 2 arbeidsdagar til å få gjort dette etter lova.

Under fylgjer grovskisse av korleis de kan svara det ut, denne må de tilpassa, språkvaska og laga til etter behov:

  

Bømlo kommune viser til krav om innsyn datert [fyll ut.]

Innsynskravet gjeld opplysingar om [fyll ut.]

 

Det gis delvis innsyn / Det gis avslag på krav om innsyn [la rett alternativ stå. Dersom innsyn gis er det tilstrekkeleg å opplysa om at det er innvilga og dei aktuelle dokument sendast over.]

 Vurdering av innsynskrav

Det fylgjer av offentleglova (offl.) § 3 at "Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Alle kan krevje innsyn i saksdokument, journalar og liknande register til organet hos vedkommande organ".

 Lova set vidare opp kva som omfattast av innsynskravet. Hovudregelen er innsyn, men det er unntak på gitte vilkår jf. offl. kapittel 3.

 Der lova gjev høve til unntak frå innsyn, skal organet likevel vurdere å gje heilt eller delvis innsyn jf. § 11 dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak.

I dette tilfellet, har Bømlo kommune vurdert at krav om innsyn ikkje kan gis /  I dette tilfellet, har Bømlo kommune vurdert at krav om innsyn berre kan gis delvis. [la rett alternativ stå.]

Grunngjeving [faktisk og rettsleg. Skriv lovheimel og forklar kvifor ein vurderer at innhaldet er omfatta av unntaket om offentleg innsyn som er hovudregelen. Synleggjer vurdering av meirinnsyn etter § 11. Ein skal visa til føresegna som gir grunnlag for avslaget med full lovreferanse.]
Døme: Dokument inneheld opplysingar som er omfatta av lovpålagt teieplikt, og kommunen kan såleis ikkje gje innsyn i dette, jf. offl. § 13, jf. forvaltningsloven § 13, 1 ledd nr. 1 om nokon sine personlege forhold /nr. 2 om forretningsforhold [stryk det som ikkje passar. Om du kan sei litt om kva opplysingar du ikkje kan utgje. Vurder meirinnsyn etter § 11, kan opplysingane sensurerast/ gis som utdrag likevel?].  Slike opplysningar er organet forplikta til å fjerne/anonymisera. [Vurder også om § 12, enten bokstav a, b, eller c, i så fall kan heile dokumentet unntas frå innsyn, ikkje berre opplysingane som er teiepliktige, kvifor ikkje? Må angi nøyaktig aktuell føresegn].

Vedtak
Bømlo Kommune gir med dette delvis innsyn i /avslag på innsynskravet jf. [Nøyaktig lovreferanse må refererast her; f.eks. «jf. offl. § 13, jf. fvl. § 13 første ledd nr. 1»]

Vedtaket kan klagast innan tre veker, jf. offl. § 32, jf. forvaltningsloven § 29, 1 ledd. Klaga skal rettast direkte til Bømlo Kommune, som vil førebu saka og oversenda klage til overordna forvaltningsorgan.

Krav om innsyn i deponert arkiv.

Ved krav om innsyn i deponert arkiv enten saksarkiv eller personregisterbasert arkiv skal kravet førast i sak i Elements, med arkivleiar som ansvarleg. Arkivleiar er autorisert av kommunedirektøren til å henta ut arkivstykker frå depot, også saker og journalar med teiipliktig innhald. Det skal vera ei sak for innsyn i saksarkiv og ei sak for innsyn i deponert personregister basert arkiv. Arkivleiar tingar sak/dokument frå vårt arkivdepot ved IKA Hordaland IKS. Offentleg dokument frå saksarkiv sender arkivleiar til tingar.

Saker og dokument frå personregisterbasert arkiv: Arkivleiar avtalar med verksemdleiar for tenesta eller kommunalsjef for tenestene korleis innsyn skal gjevast, ved personleg gjennomgang hjå verksemdleiar eller sikker elektronisk sending til den som ber om innsyn. 

Laster...